Kleivakongen & The Underdogs har blitt foreviga av den kjende kunstnaren Kolbjørn Tvedt. Etter mange og lange timar med modellsitting i Kolbjørn sitt atelier, er det med undring me registrerer at sluttresultatet vart med kle, men, men...
Bandet sender varme tankar til kunstnaren på Tysnes, og håpar me ein vakker dag kan gjera opp for oss med eit musikalsk bidrag i sjøkanten på kråkeøya.
Kommenter gjerne målarkunsten i gjesteboka.

And the vinner is...
Elias 
Den store låtkonkurranse har endeleg fått sin verdige vinnar. Elias Tvedt viste sterke spurteigenskapar og like før kampslutt slo keeperen til med vinnarforslaget:
Sing med Travis
Juryen har sendt den eksklusive T-skjorta den lange veien til Elias, og kanskje kan dette vera ei lykke-T-skjorte som han kan ha under keeperdrakta når han vaktar Askøy sitt mål?
Takk for alle forslag, kanskje vert fleire enn Elias sitt vinnarforslag å høyra frå Kleivakongen & Gutterne?? Sing vil iallfall snarleg låta frå scena på KK si særeigne vis.
Her er Travis sin versjon: http://www.youtube.com/watch?v=AmhKXFkUQbQ
